Fra avisen "Vårt Land", 16.03.2004:

Urfolk redda urfolk frå sveltedøden

Norske samar utvandra frå Finnmark til Alaska for å gje livsviktig hjelp til eit anna urfolk. Nokre reindriftssamar fekk vere med på å gje reinsdyr til julenissen.

Bjørgulv K. Bjåen
bjbj@vl.no
22310401

I mars 1894 gjorde seks familiar og ein ungkar, alle samar, seg klare til å leggje ut på den lange reisa frå grender på Finnmarksvidda til USAs nordlegaste delstat.
Dei hadde takka ja til eit uvanleg tilbod:
I tre år skulle dei lære Alaskas urfolk, som var truga av hungersnød, å byggje opp ei reindrift som kunne produsere sterkt etterspurde varer, kjøt og skinn.
Norsk utvandringshistorie har mange ukjende kapittel. Forteljinga om dei norske samane som utvandra til Alaska er eit slikt. No i mars er det 110 år sidan den første samiske gruppa forlet Norge.

Etterspurde.
"Menn ønskes til å ta seg av reindrift i Alaska. Ved innføringen av tamrein til det nordlige Alaska ønskes noen få menn som har praksis med vokting og avl av rein."
I desember 1893 stod denne annonsa på trykk i ei rekkje innvandraraviser i dei "norske" og "svenske" statane i USA.
William A. Kjellmann, kven frå Finnmark, busett i den "norske" staten Wisconsin, blei valt ut. Vinteren for 110 år sidan reiste han til Finnmark. I bygd etter bygd framførte han den glade bodskapen om det nye livet som venta "over there":
27,50 dollar i månadsløn, pluss fri kost, losji og klede.

Døydde.
Kjellmanns oppdrag var å finne menn som kunne lære frå seg kunnskap samane hadde sanka i århundre; reindrift.
For det hadde seg slik at då USA kjøpte Alaska frå Russland i 1867 - for 7,2 millionar dollar - fekk dei urfolk med på kjøpet. Som ikkje tålte møtet med den kvite mann.
I åra 1850 til 1890 blei inuittbefolkinga i Alaska halvert som følgje av at det oppstod epidemiar av smittsomme sjukdomar. Styresmaktene i Washington såg seg rundt etter verkemiddel.
Valet fall på tamreindrift. Ikkje berre ville dette syte for mat på bordet, inuittane ville også bli omforma frå eit jeger- og fangstfolk til eit gjetar- og jordbruksfolk.
Pastor Sheldon Jackson, som var undervisningsminister i Alaska, blei sett på jobben. Vel to tiår etter at USA hadde kjøpt land av Russland, kjøpte Jackson tamrein i Sibir. Med på lasset over Beringsstredet var også nokre russiske gjetarar som skulle lære opp inuittane.
Men prosjektet stranda. Russarane og inuittane kom ikkje overeins med kvarandre.
Då blei ideen om "laplanders" unnfanga.

Suksess.
I midten av mai 1894 la rekrutteringsagent Kjellmann og den vesle gruppa med samiske immigrantar til kai i New York. To og ein halv månad seinare kom dei til Teller reindriftsstasjon i Alaska.
Dette samarbeidet viste seg å vere ein suksess. Reindriftssamane frå Norge og inuittane fann tonen, og snart kunne dei vise til gode resultat. Tamreinlaga blei mange og kjørereinen fekk innpass som transportdyr.
Inuittane lærte også korleis dei skulle forvalte heile reinsdyret. Ei sak var at kjøtet gav mat. Ei anna, men like viktig sak, var produksjonen av alt frå ost av reinsdyrmjølk til bruksgjenstandar av skinn og bein, slik som klede og seletøy.
I 1897 gjekk første treårsperiode ut. Fire samefamiliar avslutta alaskaopphaldet og reiste heim til Finnmark saman med Kjellmann som skulle rekruttere nye samiske kolonistar til det nye reindriftslandet nord i USA.

Vekst.
Vel attende i Finnmark fekk Kjellmann telegram om at han i tillegg til å finne nye reisevillige samar, også måtte kjøpe 500 kjørerein. For gullgravarområda i Alaska var herja av både gullrush og matmangel, så til å kjøre ut mat trong styresmaktene transportdyr.
I februar 1898 la skipet Manitoba frå kai i Alta. Om bord var 113 immigrantar: 78 samar, 25 norske og ti finnar. I lasterommet stod det 539 reinsdyr.
Om reindriftskolonien til undervisningsminister Jackson berre blei ein plan, gjorde den andre gruppa med samiske innvandrarar stor suksess. Fram mot hundreårsskiftet blei reindriftsflokkane stadig meir talrike og etter at norskamerikanaren Carl Lomen - med røter i Lom - etablerte reinkjøtproduksjon i stor skala, blei det svev over tamreinprosjektet i Alaska.

Svikta.
Samane hadde nemleg ein avtale med styresmaktene som sa at dei år for år kunne byggje opp sine eigne flokkar.
Mange blei difor harme då dei same styresmaktene i 1937 avgjorde at berre inuittane kunne eige reinsdyr. Konfiskasjonen fråtok mange samiske familiar i Alaska livsgrunnlaget, og opplevinga av svik var sterk. Her hadde dei blitt henta over havet for å lære bort reindrift, og så blei dette takka.
Mange familiar reiste attende til Finnmark, andre gjekk i teneste hjå dei nye eigarane eller reiste til gullfelta i Klondyke og Nome. Nokre gifta seg med inuittar og blei i reindrifta, som kulminerte med andre verdskrig.

"Julegåve"
Samane frå Norge lærte ikkje berre amerikanarane å drive med rein. Carl Lomen og norske samar gav eit livslangt bidrag til den amerikanske jula.
Kremmaren Lomen klekte i 1926 ut ein marknadsplan der han kombinerte samiske kjørereinar og julenissen for å selje kjøt og skinn!
Før jul fekk byane Portland, St. Paul, Boston, San Francisco, Chicago, Seattle og New York besøk av ein røssleg julenisse som blei kjørt gjennom gatene på ein reinsdyrekvipasje styrt av samar og inuittar frå Alaska.
Slik blei julenissen og reinsdyra innlemma i den nordamerikanske juleforteljinga.

Etterkomarar.
I dag bur det rundt 50.000 menn og kvinner i USA som er av samisk ætt. Mange kom i innvandrarflokkane frå Norge, Sverige og Finland. Andre kom med den vesle gruppa i 1894 og den store i 1898.


SAMESOGE
No kjem den første samiske kioskromanserien. Dag Ove Johansen har skrive bøkene om Ánde Rávna, som er ei frittståande dramatisering bygd på den samiske utvandringa til Alaska.
Det er Johansens 12 bind store serie Sjamanens rike som no blir omsett til nordsamisk av det vesle forlaget Idut. Første bok som kjem no i mars heiter Geaiddaniehku, - eller Ravnedrøm.
Dag Ove Johansen har vunne Egmonts manuskonkurranse med boka Ravnedrøm.